mandag 3. september 2012

Dikt analyse

Analyse av diktet "skuleplassen" av Olav H. Hauge. Frå diktsamlinga Dropar i austavind, 1966

Når klokka ringjer
for fyrste timen,
ligg skuleplassen att
som eit konkret dikt.

Tett trakk av gruppor
framfor inngangen
sakleg dryftande
månerakettar
og sekundar i St.Moritz.

Halvferdige snømenner
stend att
etter dei minste.

Rundt veggene far
etter einstødingar,
der stod han og ho.

På uthusveggen
ei spræne av snøballar,
ei knust rute på do,
yver døri til styraren
eit svivyrdsleg kast.

Bokstavar i snøen:
Solveig + Knut,
Åse + -- han rakk
å strjuka det ut.

Ute på plassen
bol etter slagsmål,
dropar av naseblod
og ein grøn vott.


Det Olav beskriver i diktet sitt er skuleplassen han har opplevd. Ikkje så veldig ulik slik som andre har opplevd. I diktet høyrer det ut som at han er på barneskulen. Der ungar leikar, og sloss. Det er stortsett slikt som skjer på skuleplassane.

Moralen i diktet er at skuleplassen kan ver litt hektisk, og det samanliknar han med St. Moritz, ein vintersportarena i sveits. Det er berre ein av mange beskrivelser på skuleplassen. Når det ringjer inn til time, ser det ut som eit slagsmål på plassen. Det han også får fram er at ungar kan ver litt hensynsløse, og ikkje skjønne konsekvensane for det dei gjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar